Julemesse, søndag 29. november

Sundag 29. november arrangerer Sund Kystlag si årlege julemesse!
Tid: 29. november kl. 14-18
Stad: Klokkarvik Grendahus

Det vert som vanleg loddsal og utlodding på bøker i tillegg til sal av kaffi og kaker.

Me sjåast der!

Posted in Aktivitet | Kommentarer er skrudd av for Julemesse, søndag 29. november

Samling på naustet laurdag 29/8 kl 11

Det vert segling med oselvar for dei som ynskjer det, og kanskje ein kaffitår. Alle er velkomen.

Vel møtt!

 

Posted in Aktivitet | Kommentarer er skrudd av for Samling på naustet laurdag 29/8 kl 11

Trellevikstemnet 2015

Program for dagen:
Kl 11:00:
Gudstjeneste ved Prostiprest Godtfred Haugland

Kl 12 – 16:
Elias
Optimistjoller
Kajakkpadling
Kanopadling
Oselvarsegling
Turløype
Lykkehjul
Kafe i Skjenkestova.

Kl 14:00:
Kulturprogram i Bygnaden
Toradergjengen åpner med nokre melodiar
Knut Joachim Pedersen syng nokre Kleppeviksongar
Utdeling av Johannes Kleppevik minnepris
Allsang med eit par Kleppevik melodiar.
Føredrag av Inger Lise Skarstein om Kulturarva – Vern gjennom bruk

Diverre går oselvarregattaen ut i år.

Posted in Aktivitet, Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Trellevikstemnet 2015

God sommar!

Sommaren er komen, og for mangen er ferien alt begynt. Sund Kystlag ynskjer alle medlemar og støttespelarar ein god sommar.

Samstundes minner me om at medlemmane har høve til å låne kaiakkane, jollene og båtane til kystlaget.

Posted in Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for God sommar!

Test

Test av oppdatering via mobil.

image

Posted in Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Test

Piratdagen, 27 juni

Den 27 juni mellom klokka 1300-1700 arrangerer RS ung Sotra ein Piratdag for store og små i Klokkarvik.

Det vert aktivitetar som ballkast, tubekøyring, kajakk og sekkeløp. Ikkje minst, so kjem Elias!
Sal av hotdog, kaffi, kaker og brus. Høve for å grilla.

Finn fram sabel og trefot og ver med!

Meir informasjon kan du finna ved å klikka her.

Posted in Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Piratdagen, 27 juni

Sjøaktivitetsdag ved Sjøaktivitetssenteret

9. mai mellom klokka 11:00 og 14:00 arrangerer Sund Kystlag sjøaktivitetsdag i Klokkarvik.

«ELIAS» er der for dei minste.
Bryggefisking medan du ventar.
Born i skulealder kan få segla med optimisjoller.
Born og vaksne kan få prøva kaiakkpadling.
Det vert grilling utanfor sjøaktivitetssenteret. Ta med grillmat du likar.
Inne i sjøaktivitetsenteret vert det kafe, med sal av kaffi, saft, vafler og lappar.
Det er seglkurs for vaksne ute på fjorden. (Der må ein melda seg på, men det er enda ledige plassar!)

Ta med kjende og ukjende og møt opp på moloen til ein flott dag!

Og hugs redningsvest!

Posted in Aktivitet | Kommentarer er skrudd av for Sjøaktivitetsdag ved Sjøaktivitetssenteret

Oppdatering av medlemsregister

Me prøver å leggja opp til ein tettare medlemskontakt, og gjer ein jobb for å oppdatera medlemsregisteret. Oppmodar medlemmane til å senda ein e-post med namn, adresse, mobilnummer og e-post til medlemsregister@sundkystlag.no.

Andre oppmodar me til å bli medlem. Dei kan senda ei innmelding i staden, med same innhald, samt om ein ynskjer enkelt- eller familiemedlemsskap.

Posted in Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Oppdatering av medlemsregister

Ledige plassar på seglkurs!

Sund Kystlag har ledige plasser på seilkurs for voksne og barn.

Seilkurs for familie:

Fredag 8 mai . kl. 1800 – 2000. Sjøaktivitetsenteret Klokkarvik.
Lørdag 9 mai kl. 1200 – 1700. Start seiling molo Klokkarvik
Søndag 10 mai kl. 1200 – 1700. Start seiling molo Klokkarvik.
Det kan bli små forandringer på klokkeslettene lørdag og søndag p.g.a Sund Kystlags 25 års jubileum som feires på lørdag

Seilkurs barn:

Mandag 18 mai, Onsdag 20 mai, torsdag 21 mai.

Påmelding til kursa:
Hans Johnsen. Tel: 56339243, mobil: 95103431.
E- post: kari.hans@bkkfiber.no

Posted in Kurs, Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Ledige plassar på seglkurs!

Saknar du noko?

Om du saknar noko på sundkystlag.no, ikkje nøl med å gje beskjed. Sida er i ein oppbyggjingsfase, og tilbakemeldingar er vikteg for å tilpassa den best mogleg til brukarane.

Send ein e-post til admin@sundkystlag.no med tilbakemeldingar, tips, og ting som du saknar.

Posted in Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Saknar du noko?