28. mars 2024

Referat frå årsmøtet

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I SUND KYSTLAG

TYSDAG 23. MARS KL 1900.

MØTESTAD: Sjøaktivitetsenteret.

Formannen ønskte velkommen.  Ingen hadde merknader til innkallinga.  Ingen innkomne saker.

SAK 1.  ÅRSMELDING. Johannes las årsmeldinga.  Ingen merknader til den.  Meldinga viser at det har vore stor dugnadsaktivitet i meldingsåret. Påbygget mot nord er i hovudsak ferdig.  Dei fleste aktivitetar som skulle samle folk, vart avlyst pga Covid 19 – restriksjonar.  Det blei gjennomført vellukka sal av loddbøker gjennom Face Book.  Mange viser interesse for arbeidet vårt på nettet.

SAK 2.  REKNESKAP.  Ronald gjekk gjennom rekneskapen.  Den syner at vi er gjeldfrie og sit på store verdiar i eigedom, båtar og bygning. Vi har også eit overskott som kan hjelpe oss å skape aktivitet når pandemien tillet det.  Vi må nå få ferdigattest på huset, og finne fram til riktig forsikringsordning.

SAK 3.  VAL.  Valnemnda ved Kjell la fram sitt framlegg til styre og andre verv.  Det fekk godkjenning ved akklamasjon, og ser slik ut:

Formann:            Johannes Lidal  (for 1 år)

Jan Henning Lidal  (for 2 år)

Jarle Sælensminde  (for 2 år)

Ronald slettebakken og Svein Inge Trellevik står ikkje på val.

Varamedlemer: Katharina Lidal   og   Marie Limevåg Mathews (for 2 år)

Revisorar:           Kari Johnsen,  Rita Sivertsen. (for 1 år)

Valnemnd:          Kjell Haaland og Eivind Bjånes.

SAK 4. ÅRSPLAN.  Møtet er einige med valnemnda om at vi må kalle inn interesserte yngre medlemer over påske for å legge planar for aktivitetar vi kan gjennomføre dette året. Pandemien set grenser for kva som er råd å få til.  Denne skissa var likevel nemnt:

  1. I samband med NRK-programmet «Sommeråpent», vil Statsråd Lemkuhl passere oss ein gong på ettersommaren. Vi er då bedne om å lage til litt stas,- med oselvarane våre, ungdom i kajakkane våre og mykje folk på moloen. Her trengs ein komite til å planlegge og gjennomføre.
  2. I vår skal vi som vanleg ha fisketurar med dei eldste barna i barnehagen.
  3. I sommar bør vi få til ein ro og padletur mellom holmane med strandhogg og grilling. Ope for alle.
  4. For dei som tek båtførarprøva på nettet, har vi som mål å få til praksis på sjøen i innleigde båtar. Vi bør få dette til i mai.
  5. Vi bør få til ein aktivitetsdag med burottefisking og båtaktivitetar i hamneområdet.

Elles må vi pusse opp båtar og utstyr, og det er mykje mure og støypearbeid som står att.  Vi treng fleire dugnadsfolk!

Jarle. Referent.